Sentrumstomt, med denne utsikta?

LEDIG SENTRUMSTOMT:
BYGDAHAUGEN I FØRDE

Fint beliggande tomt i kort gangavstand til Førde sentrum. Tomta ligg i veletablert bustadområde i Bygdahaugen mellom Halbrend og sentrum.
Tomta skråar søraust med ope og fritt utsyn mot sentrum og fjellheimen i austleg retning.

Det er omlag 850 meter gangveg til Førde sentrum med alt ein treng innan service- og tenestefunksjonar. Bilveg frå tomtegrense, via Liavegen og inn på E39. Eigedomen ligg svært godt til i høve Halbrend og Ytre Hafstad barnehagar, Flatene barneskule og Halbrend skule.

Kontakt oss for pris på tomt med nøkkelferdig einebustad
(ferdige teikningar kan også tilpassast etter ønske og behov). 

Innflyttingsklar og romsleg

NØKKELFERDIG EINEBUSTAD

Ubebygd tomt i kort gangavstand til Førde sentrum.
Noverande eigar av tomta har fått teikna og prisa hus frå Kjeilen Hus AS, sjå vedlagde teikningar og illustrasjonar i salsoppgåva.
Det er søkt og gitt dispensasjon i høve byggegrense mot elv.
Nabotomt er seld og det er same utbyggjer som står for oppføring av dette huset. Her er igangsettingstillatelse gjeve, og grunnarbeid startar 19.04.22.

Ved ynskje kan kjøpar av tomt overta desse husteikningane i direkte dialog med Kjeilan Hus AS. Fordelane med dette vil mellom anna vere at ein stor del av arbeidet i søknadsprosessen allereie er fullført.

Image1
Annan informasjon

AREAL OG ETASJEFORDELING

Det er ikkje nokon reguleringsplan for eigedomen, og det er då kommuneplanen sin arealdel med føresegner som gjeld. For å unngå regulering av tomta må punkta i 5.1.2 i kommuneplanen sin arealdel 2019-2030 med føresegner og retningslinjer vere oppfylt.

Eigedomen ligg i område med frittliggande småhus og jamfør føresegner til arealdelen § 5.1.2 pkt. 1 bokstav e, skal maksimal grad av utnytting vere bruksareal (BRA) = 35 % og bebygd areal (BYA) = 30 % for kvar eigedom. Arealet skal reknast i samsvar med til ei kvar tid gjeldande teknisk forskrift.
Bruksareal reknast 50% for underetasjar og kjellaretasjar der himling ligg mellom 0,5 og 1,5 meter over gjennomsnittleg terrengnivå.
For tomter over 800 kvm innanfor tettstadgrensa skal kvm- BYA ikkje overstige 240 kvm og heller ikkje overstige kvm- BRA på 350 kvm.

Det vil vere krav til ROS-analyse før eit løyve kan gjevast, jf. føresegner til arealdelen § 5.1.2, pkt. 1 bokstav l). Ei slik analyse er naturleg å ta i samband med eventuell byggesak. Dette er gjort ved eit tidlegare høve på denne tomta, og det vil difor vere sannsynleg at man slepp dette i neste runde.

Det er ved ein tidlegare eigar utført flaumfarevurdering og forundersøking for stabiliet i grunn i samband med søknad om dispensasjon.

Eigedomen grensar til vassdrag. Det er gjort vedtak om dispensasjon med byggegrense 15 meter frå vassdrag. Vedlagde teikningar i salsoppgåva i samband med Kjeilen Hus AS er gjeve dispensasjon i høve byggegrense mot foss, sjå vedlagde dokument i salsoppgåva.
Image2

Meld di interesse - send melding: