Foto: Jorid Lothe, frå artikkel på firda.no 

Ønsker du også å bu på Vassenden?

Tomteutbygging
i Årsetbakkane

Kjeilen Hus v/ Raymond Kjeilen og Bodil Kidøy Lunde jobbar i desse dagar for å få fart på bustadutbygginga på Vassenden.  Vi gjenfortel her historia og intervjuet som vi hadde med Firda.no tidlegare i Mai. 

– Vi håpar å vere klare til å begynne til hausten eller vinteren. Det seier dagleg leiar Raymond Kjeilen i Vestlandshus Kjeilen Hus AS til Firda i Mai månad. 

Saman med Gravdal Prosjektutvikling AS arbeider vi no med å få fart på utbygginga av bustadfelt i Årsetbakkane på Vassenden.

Spaden i jorda til hausten?

Dispensasjon

Det skal søkast om dispensasjon for rekkefølgekravet knytt til å omregulere og bygge om avkøyrsle frå E39. Dette og fleire andre hindringar har gjort at bustadbygginga på Vassenden har stått i stampe lenge.

Det har vore vanskeleg å realisere dei to byggefelta Smiehogen og Årsetbakkane. Det har vore veldig stor interesse frå folk som vil kjøpe tomter, men krav om regulering knytt til avkøyrsle frå vegen og høge infrastrukturkostnader har gjort at det ikkje har vore økonomi i prosjektet.

– Vi har no fått svært positive signal og opplevd mykje velvilje både frå kommunen, Vegvesenet og samarbeidspartnarane våre, så no føler vi at det nærmar seg realisering av prosjektet, seier dagleg leiar Bodil Kidøy Lunde i Gravdal Prosjektutvikling AS til Firda.no under intervju.

Årsetbakkane+-+tomtefelt+heile

Foto: Privat

Årsetbakkane+-+einebustader_1

Foto: Privat

Vil du også bu på Vassenden?

Årsetbakkane er regulert til byggefelt

I første omgang er det snakk om å bygge 12 til 15 hus, og ein startar på toppen av byggefeltet med einebustadar, lenger nede blir det også tomannsbustader og rekkehus.
Det er til saman plass til over hundre bueiningar i Årsetbakkane og på hotelltomta som er planlagt utbygd på Vassenden.
 
Byggeklausul
Vestlandshus Kjeilen AS har totalentreprisen av Gravdal sin del av utbygginga i Årsetbakkane.
Men det betyr ikkje at kundane må bygge seg eit kataloghus.
 
– Om folk ønsker å bruke ein spesiell arkitekt, kan dei det.
Vi får tilpassa dei fleste ønske, fortel Raymond Kjeilen.
 
 
Populært og sentrumsnært

Byggemøte og stor interesse

Det var nyleg eit folkemøte på Vassenden, og det var stor interesse for å kjøpe tomter i Årsetbakkane. Området er sørvendt, sentrumsnært og ligg berre ein kort køyretur unna Førde.
 
– Mange folk har skrive seg på liste, så vi ventar at dei første tomtene blir selde raskt, og då er vi klare til å setje i gang. Når ei utbygging først kjem i gang, veit vi at ballen ofte rullar av seg sjølv, seier Kjeilen.
 
Planen er at Årsetbakkane byggefelt i første omgang skal knytast til eksisterande veg, vassleidning og annan infrastruktur, og så skal dette byggast ut meir seinare.
 
– Vi er avhengig av at kommunen legg til rette for at vi kan kople oss på eksisterande infrastruktur.
Det blir for kostbart å bygge alt nytt i starten. Seinare, når det er bygd ut ein del bustader, skal dette på plass, seier Kidøy Lunde.
 
Det er venta at det tek rundt tre år før den første delen av utbygginga er ferdig.
I Årsetbakkane er det plass til 80 bueiningar, og saman med hotelltomta er det mogelegheiter for om lag 100 nye bustadar på Vassenden.
7K1A5375

Foto: Jorid Lothe, frå artikkel på firda.no 

Vil du også bu på Vassenden?

Årsetbakkane er regulert til byggefelt

I første omgang er det snakk om å bygge 12 til 15 hus, og ein startar på toppen av byggefeltet med einebustadar, lenger nede blir det også tomannsbustader og rekkehus.
Det er til saman plass til over hundre bueiningar i Årsetbakkane og på hotelltomta som er planlagt utbygd på Vassenden.
 
Byggeklausul
Vestlandshus Kjeilen AS har totalentreprisen av Gravdal sin del av utbygginga i Årsetbakkane.
Men det betyr ikkje at kundane må bygge seg eit kataloghus.
 
– Om folk ønsker å bruke ein spesiell arkitekt, kan dei det. Vi får tilpassa dei fleste ønske, fortel Raymond Kjeilen.
 
Det var nyleg eit folkemøte på Vassenden, og det var stor interesse for å kjøpe tomter i Årsetbakkane.
Området er sørvendt, sentrumsnært og ligg berre ein kort køyretur unna Førde.
 
– Mange folk har skrive seg på liste, så vi ventar at dei første tomtene blir selde raskt, og då er vi klare til å setje i gang. Når ei utbygging først kjem i gang, veit vi at ballen ofte rullar av seg sjølv, seier Kjeilen.
 
Planen er at Årsetbakkane byggefelt i første omgang skal knytast til eksisterande veg, vassleidning og annan infrastruktur, og så skal dette byggast ut meir seinare.
 
– Vi er avhengig av at kommunen legg til rette for at vi kan kople oss på eksisterande infrastruktur.
Det blir for kostbart å bygge alt nytt i starten. Seinare, når det er bygd ut ein del bustader, skal dette på plass, seier Kidøy Lunde.
 
Det er venta at det tek rundt tre år før den første delen av utbygginga er ferdig.
I Årsetbakkane er det plass til 80 bueiningar, og saman med hotelltomta er det mogelegheiter for om lag 100 nye bustadar på Vassenden.
 
– Det er utruleg kjekt at vi får så mykje gode tilbakemeldingar frå folk i bygda.
Det er tydleg eit stort ønske om at det blir nybygging og meir aktivitet på Vassenden, seier Kidøy Lunde.